Regler
To til fire spelarar rundt eitt nettbrett. Alle startar med 15000 kr. Den som står igjen når alle andre har gitt opp, vinn.
Ein tur er tre steg
- Kast og flytt. To terningar. Like terningar gir deg eit kast til når runden er over, men tre like på rad set deg i ferjekøen.
- Handling. Kjøp tomta du står på, bygg eller sel hus, pantsett for å skaffe pengar, eller legg fram eit byte. Så mange av delane du vil, i den rekkjefølgja du vil.
- Avslutt runden. Turen din tek ikkje slutt før du seier frå.
Ingenting skjer av seg sjølv. Å lande på ei ledig tomt kjøper ho ikkje, det gjer ho tilgjengeleg under Handling. Det er med vilje: på ein delt skjerm skal ingen miste pengar fordi dei bomma på ein knapp.
Tomter og leige
- Eig du heile fargegruppa og har bygd ingenting, betaler dei som landar der dobbel leige.
- Hus må byggjast jamt: ingen gate kan liggje meir enn eitt hus føre dei andre i gruppa. Det femte huset er hotellet.
- Kaiane og brua: leiga stig med kor mange av dei fire du eig.
- Askøy Energi og Vatn og avløp: leiga er terningkastet gonga med 100, eller 250 om du eig begge.
Pantsetting
Du kan pantsette ei tomt du eig og få halve prisen utbetalt. Ei pantsett tomt gir inga leige. For å løyse ho ut igjen betaler du halve prisen pluss ti prosent. Hus må seljast før du kan pantsette, og heile gruppa må vere fri for pant før du kan byggje.
Ferjekøen
Landar du på Du rakk ikkje ferja, eller trekkjer eit kort som seier det, hamnar du i ferjekøen. Du kjem ut ved å slå like terningar, ved å bruke eit kort du har spart, eller ved å betale 500 kr etter tredje forsøket. Du får framleis leige medan du står der.
Byte
Under Handling kan du leggje fram eit byte: tomter og kroner begge vegar. Gi nettbrettet til den du bytar med, så svarar dei ja eller nei. Tomter med hus på kan ikkje bytast, sel husa først. Eit byte som ikkje er svart på fell bort når runden din er over.
Start og skatt
Du får 2000 kr kvar gong du passerer Start. Eigedomsskatten er fast. Kleppestø senter er ei fri rute, det skjer ingenting der.
Brettet
Alle gatenamna er ekte vegar i Kleppestø, henta frå adresseregisteret for postnummera 5300 og 5308. Fargegruppene er vår eiga inndeling og har ingenting med kommunen å gjere.
| # | Rute | Gruppe | Pris |
|---|---|---|---|
| 0 | Start | ||
| 1 | Ospedalen | Myrane | 600 |
| 2 | Nabolaget | ||
| 3 | Solhola | Myrane | 600 |
| 4 | Eigedomsskatt | ||
| 5 | Kleppestø kai | 2000 | |
| 6 | Flossmyra | Myrane | 800 |
| 7 | Bakkevegen | Dalane | 1000 |
| 8 | Ferjekøen | ||
| 9 | Dalavegen | Dalane | 1000 |
| 10 | Askøy Energi | 1500 | |
| 11 | Grønnlivegen | Dalane | 1200 |
| 12 | Heimlivegen | Heimlia | 1400 |
| 13 | Juvik kai | 2000 | |
| 14 | Sollivegen | Heimlia | 1400 |
| 15 | Tøssedalen | Heimlia | 1600 |
| 16 | Kleppestø senter | ||
| 17 | Kleivahaugen | Kleiva | 1800 |
| 18 | Sjanse | ||
| 19 | Krokåsvegen | Kleiva | 1800 |
| 20 | Ravnangervegen | Kleiva | 2000 |
| 21 | Askøybrua | 2000 | |
| 22 | Florvågvegen | Florvåg | 2200 |
| 23 | Kleppegrend | Florvåg | 2200 |
| 24 | Du rakk ikkje ferja | ||
| 25 | Klampavikvegen | Florvåg | 2400 |
| 26 | Vatn og avløp | 1500 | |
| 27 | Øvre Strand | Stranda | 2600 |
| 28 | Nabolaget | ||
| 29 | Nedre Strand | Stranda | 2800 |
| 30 | Florvåg kai | 2000 | |
| 31 | Kleppevegen | Stranda | 4000 |